Slik skal norske skip bli meir miljøvennlege

Desse to damene, Hege Økland og Siv Remøy-Vangen har eit heftig mål: At norske skip på alle verdas hav skal kutta utslepp av klimagassar kraftig. No har dei fått med seg fem reiarlag frå Vestlandet.

Tolv milliardar tonn gods vart i 2018 frakta over verdshava av 60.000 skip. Noreg er stor i denne næringa. Ei næring som står for rundt 2,5 prosent av klimagassutsleppa i verda, og som også må bidra for å redusera den globale oppvarminga. Store dragar, ammoniakk eller brenselceller kan vera løysinga. No er arbeidet med ein overgang frå olje i tankane i gang på Vestlandet. Ein idedugnad skal gje næringa nye og berekraftige løysingar.

– Vi har gjort dette før. Vi må byrja med å kartlegga dei viktigaste barrierane for ein miljøvenleg overgang. Vi må til dømes finna ut om hindringane for eit kilmavenleg skifte er teknologien, om det er kontraktmessige skrankar eller andre forhold som står i vegen, seier Hege Økland, direktør i næringsklyngja NCE Maritime Clean Tech.

Saman med Siv Remøy-Vangen, leiar i Maritime Bergen, har ho lagt ein plan for korleis arbeidet for meir klimavenleg skipsfart skal få fart.

Fem reiarlag som opererer i ulike segment skal sitja i ei styringsgruppe for prosjektet. Odfjell og Utkilen i Bergen og Knutsen O.A.S i Haugesund er blant desse.

– Vi har fått med to til, som vi enno ikkje kan offentleggjera, seier Remøy-Vangen.

Ny teknologi
Arbeidet skal i gang i oktober. Tanken er å kopla næringa med teknologimiljø. Alt frå forsking til industri. Målet er nye miljø- og klimavenlege løysingar. Prosjektet skal resultera i konkrete tiltak, anten ny teknologi om bord i eksisterande skip, eller nybygde skip med nye løysingar.

– Her er mykje som kan prøvast av nye drivstoff, brenselceller, store dragar eller solceller. Det viktige er at forskingsmiljø og teknologileverandørar får forslag på bordet, som næringa så kan ta stilling til, seier Økland.

Utfordringane står i kø. Skip som blir bygde i dag skal kryssa verdshava i 30 år. Godsmengda i verda aukar, og det er olje som driv dagens flåte. Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) har eit mål om 50 prosent utsleppskutt innan 2050. Då hastar det å utvikla ny miljøvenleg teknologi.

– IMO må etter kvart skjerpa krava, og då gjeld det for norske reiarlag å vera konkurransedyktige, seier Siv Remøy-Vangen.

– For billig transport
– Det er ikkje tvil om at utfordringane er store i ei næring med svært små marginar. Transport av varer er for billig, det er eit stort problem i dag, seier Hege Økland.

Ho meiner at eigarane av last etter kvart må stilla krav til grøn transport, og samstundes vera villige til å betale meir. Då vil også rekninga etter kvart nå den einskilde forbrukar.

Siv Remøy-Vangen peikar på at konkurranseomsyn ofte har vore til hinder for samarbeid i næringa, men at eit vellykka grønt skifte krev at ein dreg lasset saman.

– Om vi får dette til, kan det også bli eit viktig konkurransefortrinn. Det er til dømes svært stor interesse for grøn skipsfartsteknologi i Asia no, seier ho.

Glad for å bli invitert
Administrerande direktør i reiarlaget Utkilen AS, Siri-Anne Mjåtvedt, er glad for at dei vart invitert inn i styringsgruppa for prosjektet.

– Mange tenkjer at vi berre er kyniske industrifolk, men slik er det ikkje. Vi vil ta vårt ansvar i miljøkampen, seier Mjåtvedt.

Ho viser til at både eigarar og leiing prioriterer det å driva så grønt som mogeleg.

– Vi er i ein svært kapitalintensiv bransje, der eit nytt skip fort kan kosta 250 millionar kroner. Då blir vegvalet viktig, og vi har ikkje råd til å ta store sjansar med eit skip som skal segla i meir enn 20 år. Det er ingen løyndom at marginane i industrien er små, seier Mjåtvedt.

Ho har tru på at eit teknologisk samarbeidi ei klyngje kan vera nyttig.

– Kva vonar du de får ut av dette prosjektet?

– Vi kan forhåpentleg finna løysingar som kan gagna næringa i framtida, men det er også klart at dette klyngjesamarbeidet vil krevja at vi set inn resursar. For oss som er vant til å driva operasjonelt frå dag til dag, så kan det vera nyttig å få høve til å heva blikket, seier Utkilen-direktøren.

Kilde: Sysla Foto: Tuva Wallem Skare

Personvern og cookies